Flytting av Bendit Kvalfossprinten 2014

Rennkomitéen for Bendit Kvalfossprinten 2014 har i samråd med TD’ane konkludert med at årets arrangement går på Fossum sitt anlegg i Bærum.  Vi er sjølvsagt ikkje glade for å flytte frå Holmenkollen, men vi trur på og jobbar for at Fossum skal bli eit godt alternativ, som det også var i dei åra vi ikkje fekk arrangere i Holmenkollen p.g.a. ombygging til / avvikling av ski-VM i perioden 2009 – 2011.  Avgjerda er m.a. tatt på bakgrunn av gode prognosar for at vi kan få produsert godt med snø komande veke.

For gjestane våre skal dette alternativet ikkje medføre behov for større endringar i transport eller overnatting;  Fossum er 10 – 15 min køyretid frå Holmenkollen, men det er ikkje gode overnattingsalternativ innanfor gangavstand frå Fossum sitt anlegg.  Derimot blir det ei mindre endring for dei som skal bu på Holmenkollen Park Hotell og hadde planar om å gå til arenaen.  Difor vil vi sette opp transport mellom hotellet og arenaen, og i den samanheng har vi eit spørsmål til alle tilreisande som har basert seg på å gå til arenaen:

  • Kan de vere venlege å melde inn behov for slik transport i form av kor mange personar som vil vere med på ein slik fellestransport ?   Vi ber om at dette blir gjort på klubbnivå (evt. regions- eller krinsnivå dersom det er relevant), og spesifisert som følgjer begge dagar:
    • Behov til Fossum – første pulje
    • Behov til Fossum – andre pulje
    • Behov til hotellet etter første pulje
    • Behov til hotellet etter rennslutt
    • Meldinga sender de så snart som råd, og helst i.l.a. helga, på e-post til btennfjord@ithacaenergy.com

Vi kjem tilbake med meir informasjon om endringar av ulik type etter kvart som denne er klar.

Det er stengt for kommentarer.