Treningstider

Trening i Holmenkollen torsdag og fredag
Det er ingen offisielle treningstider før arrangementet.  Vi vil likevel prøve å legge til rette for at gjestane våre kan gjere seg kjent i løyper og på stadion før konkurransestart, men dette kan vere litt krevande både p.g.a vårt arbeid med å klargjere for arrangementet, og også fordi anlegget på kveldstid er mykje brukt til trening av mange klubbar – både langrenn og skiskyting, i tillegg til ein del kursarrangørar.  Vi håper likevel at vi kan få til følgjande:

Løypene vil vere tilgjengeleg for utøvarane mesteparten av torsdag og fredag, men vi ber om at ingen går i løypene torsdag mellom 12.00 og 14.00 – i denne perioden vil vi transportere ein del materiell ut i løypene med scooter.  Løypene vil vere skilta frå torsdag kveld, slik at utøvarane vil kunne gjere seg kjent med «sine løyper» heile fredagen.
Merk også at det nok blir tett trafikk i løypene torsdag kveld p.g.a. at mange har trening då.

Skytebanen er stengt torsdag før kl. 15.00 og etter kl. 18.00.  Skytebanen er også stengt fredag ettermiddag / kveld, frå kl. 16.30.  Ut over dette skal vi prøve å la skytebanen vere tilgjengeleg så mykje som råd, men vi må evt. stenge på kort varsel dersom det blir større behov for ettersyn av skytebanen enn det vi no ser for oss.  Merk at det altså ikkje er trening på skytebanen tilrettelagt av oss, dei som brukar skytebanen må difor samordne seg og ha med standplassansvarleg !

Det er stengt for kommentarer.